Karl Johan Ølnes

Eg er ein sjølvlært amatørfotograf som har hatt stor interesse for fotografering heilt sidan 2002. For nokre år sidan starta eg firmaet mitt «Kallefoto».

Naturen er ei viktig inspirasjonskjelde for meg, difor er mange av bileta mine frå naturen. Eg har i tillegg til naturfotografering drive med fotografering av arbeidsprosessar som t.d. bygginga av nye Loftesnesbrua i Sogndal. Eg har også teke bilete til bruk i brosjyrar, kalendrar og blad. Ved familiehendingar har eg også vore fotograf, derav konfirmasjonar, fødselsdagar og bryllaup.

Dei siste åra har eg laga ein kalender med bilete frå Sogndal der overskotet har gått til Kreftforeininga.

Eg redigera ikkje bileta mine, difor er biletet slik eg såg motivet den dagen. Dei har då den mest naturlege utsjånaden.

I 2014 hadde eg ein fotoutstilling på Sogndal Storsenter. Bileta mine fekk god kritikk og alle vart selde.

Kundane mine har vore/er privatpersonar, organisasjonar, bedrifter og institusjonar. Ynskjer du eit bilete er det berre å ta kontakt.

Designa og utvikla av Tobias Barsnes og Endre Stedje, Finding Futures.